Månadens tonekunstnar

Sigmund Groven, 80 år og stadig på farten!

Ein av våre aller mest særmerkte musikarar og mest produktive grammofonartistar gjennom tidene byrja å spele munnspel nærast ved eit samantreff. Han vaks opp i ein familie med sterke musikktradisjonar. Onkelen hans var komponisten Eivind Groven, og far hans var lærar og skulestyrar i Heddal, der han vaks opp. Faren spelte både fiolin og hardingfele, og planen var at unge Sigmund skulle lære å spele av han, men faren mista dessverre ein finger i ei sirkelsag på garden, og dermed vart det slutt på felespelet. I staden vart det pianotimar for Sigmund hjå organisten Odd Unhammer.

Som så mange andre ungar på denne tida hadde Sigmund eit enkelt munnspel som var kjøpt hjå den lokale kjøpmannen. Den verkeleg skilsetjande opplevinga kom då han som niåring sat saman med ein kamerat og venta på «Lørdagsbarnetimen». Programmet «Ettermiddagskonsert på grammofon» vart avslutta med eit musikkstykke som slo ned i han som eit lyn. Det var Tommy Reilly som spela «Firefly» av Donald Phillips. Sigmund var heilt viss på at han berre måtte høyre meir av dette. Heldigvis abonnerte bror hans på «Programbladet», og dermed gjekk det an å finne ut kven som spelte, og kva som vart spela. Sigmund sette ein tydeleg strek under namnet «Tommy Reilly». Han var djupt fascinert.

Det kromatiske munnspelet vart oppfunne for om lag hundre år sidan, og dermed fann munnspelet vegen inn i kunstmusikken. Før utviklinga av det kromatiske munnspelet var instrumentet diatonisk og kunne berre spelast i ein enkelt toneart. Dette er det tradisjonelle munnspelet for blues, country og folkemusikk.

Tommy Reilly hadde studert fiolin frå han var åtte år gammal, og berre nokre få år seinare vart han fascinert av det kromatiske munnspelet, som då var eit heilt nytt instrument. Som munnspelar var han sjølvlært, og alt som 13-åring vann han prisar for spelet sitt i heimlandet Canada. Då familien flytte til London, heldt han sin fyrste konsert der i 1936. Dette førte til engasjement og turnéar på varietéteater og i konserthus rundt om i Europa. Under eit lengre opphald i Leipzig heldt han fram fiolinstudia ved konservatoriet. Men 1. september 1939 vart han arrestert av Gestapo som «feindlicher Ausländer». Han vart fengsla under heile krigen, men hadde heldigvis eit kromatisk munnspel for handa. Reilly nytta den lange tida i fangenskap til å utvikle seg som munnspelar. Han nærma seg instrumentet på same måten som han hadde lært klassisk fiolin. Teknikken vart finslipt på eit instrument som framleis var så nytt at det enno ikkje fanst nokon etablert didaktikk for det. Dette dreidde seg om pustekontroll, koordinering, synkronisering, det Reilly kalla «basic movements», og etydar.

Heime i Heddal fekk Sigmund eit kromatisk munnspel av far sin. Foreldra tok fascinasjonen han viste for instrumentet, på alvor. Dei skaffa også til vegar ein bandopptakar slik at han kunne spele inn musikk som vart send på radio. Dessutan fekk han tak i ei lærebok i munnspel utgjeven av munnspelprodusenten Hohner i Trossingen i Tyskland. Det var Tommy Reilly si lærebok Play Like The Stars. No var det sjølvstudium som galdt.

Då Sigmund var 14 år, fekk han sjå i «Programbladet» at Tommy Reilly skulle kome til Oslo for å vere solist med Kringkastingsorkesteret under leiing av Øivind Bergh. Sigmund skreiv då brev til Bergh og spurde om det verkeleg var sant at Reilly skulle kome. Bergh skreiv brev tilbake og inviterte den unge munnspelaren frå Heddal til Oslo for å møte Reilly. Då Sigmund, som hadde fått fri frå den siste timen på realskulen på Notodden, kom åleine med toget til Oslo, venta Bergh på stasjonen med bil og tok den unge musikaren med seg. Dette var ein stor gest som skulle få musikkhistoriske følgjer. No fekk han endeleg si fyrste undervisning på munnspel.

Tommy Reilly og Sigmund, 1967

Sigmund Groven studerte historie, statsvitskap og engelsk ved Universitetet i Oslo. Han vart filolog nærast utan å ha vore innom lesesalen. Engelsk litteratur las han på turné med Tommy Reilly, som gjerne høyrde Sigmund lese høgt i bilen på veg gjennom Europa. Uttalen vart korrigert i farta. Tommy Reilly underviste i munnspel i London og bygde opp ein privat undervisningspraksis etter mønster frå den legendariske cellisten William Pleeth.

Heime i Oslo trong NRK ein hallomann som meistra nynorsk. Heddølen Sigmund vart etter kvart omtala som «den munnspelande hallomannen». Munnspelet var enno ikkje ein sjølvsagd leveveg.

Heilt på tampen av 1960-talet fekk Sigmund sine fyrste oppdrag for «Søndagsposten» i NRK Radio. Programmet var ein institusjon i norsk radioliv. Musikalsk leiar var Willy Andresen. Johan Øian var ein av fleire komponistar som bidrog med nye melodiar til tekstar som lyttarane sende inn. Seinare fekk Øian og Sigmund kring femti eigne radiokonsertar i regi av Musikkavdelinga i NRK, som på den tida hadde ein omfattande eigenproduksjon av musikk.

Mange norske visesongarar fekk sin debut i «Søndagsposten», men også munnspelaren Sigmund Groven. Dette var ein gullalder for NRK Radio, og dørene byrja å opne seg for munnspelaren. Erik Bye var den som for alvor fekk Sigmund til å byrje å komponere for andre enn seg sjølv.

Erik Bye og Sigmund, 1996

Vegen vart til medan han gjekk. No, etter at Sigmund har runda 80 år, er han framleis svært aktiv. Han kan sjå tilbake på ei karriere som strekkjer seg over seks tiår. Den særs omfattande diskografien viser eit stort og mangfaldig repertoar med eit enormt stjernelag av medspelarar og samarbeidspartnarar. Han merkar ikkje noko til at alderen skulle vere til hinder for spelet enno. Han øver som før og konserterer som før, men innrømmer at han treng litt meir tid til restitusjon enn tidlegare etter lange utanlandsreiser.

Av høgdepunkta i karrieren nemner han alle turnéane med Rikskonsertane spesielt. «Vi spelte i alle krikar og krokar av landet», fortel han. «Vi saknar Rikskonsertane!»

Han fortel også at det å gje ut eigne innspelingar har vore viktig. Det fyrste albumet hans heitte Så spiller vi harmonica og fekk namn etter den fyrste eigentlege komposisjonen han skreiv, på oppdrag frå Erik Bye til ein tekst Bye hadde skrive. Albumet kom ut i 1975, og sidan vart det mange fleire innspelingar med framifrå samarbeidspartnarar.

Samspelet med Erik Bye i samband med utvandrarjubileet i 1975, der Bye bestilte musikk til «Blow, Silver Wind», var også ein milepåle. Munnspelaren fekk då fart på komponistverksemda si òg.

Sigmund Groven har undervist både ved Trøndelag Musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole. Han merka tidleg at mange ønskte undervisning på kromatisk munnspel. Derfor vart Norsk Munnspillforum skipa i 1987, og dei held sommarseminar kvart år på ulike stader i landet. I spissen for seminaret, i tillegg til Sigmund, finn vi mellom anna Georg Pollestad frå Bryne, som ifølgje Sigmund lagar verdas beste kromatiske munnspel. Sigmund Groven spelar sjølvsagt eit Polle Concert Harmonica.

Heddal er framleis «heim» for Sigmund Groven, sjølv om han bur i Oslo og har heile verda som si scene. På heimgarden i Heddal har han si komponisthytte, som har vore flittig nytta opp gjennom åra. Etter at broren gjekk bort, har han teke over garden, og han reiser dit så ofte han kan.

«Livet har ein annan puls der, og eg satsar på at gena mine liknar på mora mi sine», seier han. «Ho vart 103 år, budde heime og greidde seg sjølv til det siste.»

(Skrive av Steinar Granmo Nilsen)

Frå innspeling av Solverv i 2021.

Trondheim Symfoniorkester og Sigmund.

Neste
Neste

Den norske musikkfest 2026